Inviterer til nordisk-baltisk IT-konferanse
Kommunal- og distriktsdepartementet og Nordisk ministerråd inviterer til konferansen «Digital north – a digital and sustainable Nordic-Baltic region», den 7. september klokken 09.00-15.00. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) opnar konferansen som samlar politikarar og leiarar frå næringsliv, industri og offentleg sektor i dei nordisk-baltiske landa. Saman skal dei utforske korleis digitalisering kan fremje berekraftig utvikling. Her vil nokre av dei beste eksempla på innovative prosjekt og tenester i regionen bli vist fram.