Debatt
Underdirektør John-Eivind Velure i Post- og teletilsynet greier her ut om behovet for nettnøytralitet og harmonisering av spektrum.

Nøytralitet og harmonisering

Etterspurnaden etter mobilt breiband aukar, og etterspurnaden etter høveleg spektrum følgjer etter. Det gjer også behovet for nøytrale frekvensløyve og internasjonalt harmonisert spektrum, skriv underdirektør John-Eivind Velure i denne andre del av kronikken om spektrum. Første del stod i går, onsdag 23. januar.

PT tildeler i hovudsak teknologinøytrale frekvensløyve med lang varigheit. Omgrepet burde kanskje heller ha vore teknologifleksible løyve, sidan ein aldri kan oppnå fullstendig nøytralitet. Dei tekniske vilkåra vil alltid favorisere éin eller nokre få teknologiar. PT meiner at nøytrale løyve gjev stor fleksibilitet for dei som skal bruke frekvensane til å produsere tenester som vert etterspurt av sluttbrukarane. Det gjer også at vi unngår store og vanskelege prosessar for å endre

Forsiden akkurat nå

Til toppen