Debatt
Underdirektør John-Eivind Velure i Post- og teletilsynet meiner det er for lite handel med tildelte frekvensar i Noreg.

Er det verkeleg knapt med frekvensar i Noreg?

I denne kronikken ser PT på nokre av årsakene til at det er stor etterspurnad etter enkelte frekvensband og korleis omsetjing av frekvensar og teknologinøytrale vilkår kan vere med på å redusere faren for at det vert knapt om frekvensane, skriv underdirektør John-Eivind Velure.

Berre det siste året har PT gjennomført fire frekvensauksjonar i ulike frekvensband. Etterspurnaden etter frekvensar er stor, men er det eigentleg få ledige frekvensar i Noreg?

Først lyt vi sjå på kva vi meiner med "ledige frekvensar":

  • Deisom ikkje er tildelte.
  • Dei som er tildelte, men som ikkje er i bruk.

Det treng altså ikkje vere slik at frekvensar som er tildelt også er opptatt. Tenk deg at ei frekvensblokk er tildelt for heile landet. Kva om innehavaren berre nyttar frekvensane på Austlandet? Då er dei i praksis ledige i resten av landet. Spørsmålet vidare vert om desse ressursane kan utnyttast av andre.

Forsiden akkurat nå

Til toppen